Besøk av Røe-Isaksen
Mandag 31. mai 2010 hadde Seljord Personal besøk av stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre og medlem av Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.
Arbeidsretta rehabilitering er eit tilbod frå NAV til dei som er sjukemeldte eller dei som ikkje har arbeid, men har noko uavklara helsetilstand.
Seljord Personal AS har i 2009 hatt 31 personar innom dette tiltaket og av desse er 89% tilbake i lønna arbeid eller på skule.
Dette imponera Røe Isaksen og derfor ville han gjerne få eit møte for å høyre kva vi har gjort for denne gruppa, som gjev dei gode resultata.
- Vi var også så heldige å få med ordførar i Seljord, Solveig Abrahamsen og NAV-leiar i Seljord, Olav Aalandslid. Saman fekk vi ein god dialog og fine drøftingar rundt dei utfordringane som vi nå ser, med bakgrunn i at det er heilt stopp i bruk av økonomiske midlar frå NAV for denne gruppa, fortel daglig leiar Olav Moen.
For Seljord Personal AS var det ikkje eit mål å få løfte om nye midlar, men å kunne synleggjera det arbeidet som vert gjort ute i vårt vidstrakte land, og med dei gode resultat som mange kan vise til.
Han tok kontakt med bakgrunn i tidlegare avisoppslag og gode resultat i arbeidet med Arbeidsretta rehabilitering.
Publisert: 8. juni 2010
Relaterte nyheter: