|
|
|
|
|
|
|
 |
Du er her: Startside » Nyhetsarkiv » Bransjeinfo |
Sentrale AP-politikere besøkte Seljord Personal AS
Parlamentarisk leder Helga Pedersen og stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen besøkte denne uka attføringsbedriften Seljord Personal AS. De kom spesielt for å høre om arbeidsrettet rehabilitering og andre tilbud som Seljord Personal tilbyr for at personer skal komme tilbake i arbeid.
Fra nettsidene til Seljord Personal sakser vi følgende:
  
Det har vore ein triveleg dag på Seljord Personal i dag 25 mars. Vi har hatt besøk av Helga Pedersen, parlamentarisk leiar for Arbeiderpartiet og stortingsmedlem for Telemark, Sigvald Oppebøen Hansen.
Dei kom på besøk for å høyre om arbeidet vi gjer for å hjelpe personar tilbake til arbeidslivet og spesielt om tiltaket Arbeidsretta rehabilitering. Dette er eit tiltak som vert gjeve til personar i ein sjukemeldingsfase der dei får tilbod om bistand tilbake til eigen eller ny arbeidsplass.
Utfordringane her er både for NAV, brukar og dei attføringsverksemdene som driv denne tenesta, at budsjettramma for 2010 er bruka opp.
Det er mange som treng hjelp og støtte for å kome seg tilbake til arbeidslivet.
Vi fekk ein god dialog med Helga Pedersen og Sigvald O. Hansen som viste stor interesse for den kompetansen, kunnskapen og dei metodane vi nyttar i dei ulike tiltaka på Seljord Personal. Vi hadde ein lang og god arbeidslunch og avslutta med kaffe og kake saman med ein del av dei som nyttar våre tilbod.
Publisert: 26.03.2010
Tilbake
|
|
|
|