In English
Utskrift
corner spacer corner
  
  
  
  
  
  
spacer
corner spacer corner
spacer
spacer Du er her: Startside » Nyhetsarkiv » Mediaoppslag
Faksimile fra Vest-Telemark 22. april

- Hadde ikkje kome meg tilbake åleine

Jorunn Manheim Torjussen, Bente Veisene Angre og Olav Bergskås har til felles at dei etter lang tids sjukmelding no er tilbake i arbeid etter fått tilbod om Arbeidsretta Rehabilitering (ARR) ved Seljord Personal. 87 prosent av dei som var innom tiltaket ved attføringsbedrifta i 2009 er no tilbake i anten løna arbeid, utdanning eller på hospiteringskontrakt, skriv Vest-Telemark Blad.


Bente Veisene Angre (48) frå Flatdal har i mange år hatt problem med ryggen. I fjor vinter fekk ho ny prolaps. Ho har tidlegare vore på Kysthospitalet, men hadde ikkje lyst på eit nytt opphald der. Derfor passa det godt med det nye tiltaket ved Seljord Personal. Veisene Angre var ein av dei fyrste som fekk prøve Arbeidsretta rehabilitering (ARR) ved attføringsbedrifta.
Ho er full av lovord om ARR, og trekkjer fram eit variert tilbod som viktig. Veisene Angre viser til eit allsidig treningsprogram og at ho har lært at smerte ikkje er farleg. I dag er ho tilbake i SFO- og barnehagejobben, og ho prøvar å bruke det ho lærte i vekene hos Seljord Personal AS.
– Eg prøvar å halde meg i aktivitet og går mykje. Bensintanken på bilen varer no i to månader, trekkjer ho fram som eit eksempel.

Var skeptisk
Jorunn Manheim Torjussen (37) frå Seljord gjekk lenge med ryggproblem før det blei tatt tak i. Ryggproblem er ikkje like synlege som til dømes beinbrot.
– Dei som ikkje har vore borti ryggproblem, kan ikkje forstå korleis det er, seier Manheim Torjussen.
Ho var litt skeptisk på den fyrste samlinga i ARR der tema var «kommunikasjon og samhandling».
– Eg tenkte at dette ikkje var noko for meg, det var ryggen eg hadde vondt i. Men det tok berre fem minuttar før eg blei positiv, fortel ho.
Ho skryter av måten ho blei tatt imot på av losane i Seljord Personal, og av utbytet ho har fått av treninga. Manheim Torjussen avslutta opphaldet i attføringsbedrifta i oktober, og er no tilbake i barnehagejobben. Ho veit at ryggen kan slå seg vrang att.
– Men no føler eg meg betre rusta til å takle ryggproblem, seier ho til Vest-Telemark Blad..


Får dei fleste tilbake i arbeid
87 prosent av dei som var innom tiltaket Arbeidsretta rehabilitering ved Seljord Personal i 2009 er no tilbake i anten løna arbeid, utdanning eller på hospiteringskontrakt.
Arbeidsretta rehabilitering (ARR) var nytt hos attføringsbedrifta i fjor. Tiltaket rettar seg mot menneske som treng støtte på vegen tilbake til arbeidslivet. Tone Syftestad, Venke Haugen og Anne Oddny Foldøy er tilsette som vegleiarar eller losar i Seljord Personal, og dagleg leiar Olav Moen er ikkje i tvil om kva som er årsaka til dei gode resultata.
– Kompetanse, er den korte, men konsise fasiten frå Moen.
Totalt var 31 personar innom tiltaket ARR i løpet av 2009. Av desse er 18 tilbake i løna arbeid. 7 personar er i eit utdanningsløp og 2 er på hospiteringskontrakt der Nav dekkjer utgiftene. Berre 4 er framleis utan virke.
– Attføring er ein vanleg del av livet me lever. Mange må ein eller annan gong innom attføring, seier Olav Moen.
Eit viktig punkt er å avdramatisere kroppslege plagar, og vise at ein trass i plagene kan fungere. Mange legg avgrensingar på seg sjølve på grunn av smerter.
– Smerter tek stor plass i livet. Me er opptatt av å få fokus bort frå plager. Det er viktigare å fokusere på dei 80 prosentane som ikkje gjer vondt, seier Anne Oddny Foldøy.
– Men kunden skal alltid vere i førarsetet på sitt eige liv, understrekar ho.

Les heile saka i Vest-Telemark Blad og i Varden
 
 

 

Publisert: 22.04.2010

Skribent:
Tilbake
spacer
© 2006 - Attføringsbedriftene -Tlf: 23 08 86 50, Fax: 23 08 86 59, Postboks 5473, Majorstuen 0305 Oslo. Besøk oss : Middelthunsgate 27, 4. Etasje
Nord Nordland Nord Vest Innlandet Vest Sør Øst